Om oss

Tre Kokker Voss AS

Kven er me?

Me er Inger Mathilde og Jarle. Me driv, og eig, Tre Kokker Voss AS og Ringheim Kafe. Me driv den ikkje åleine, men har med oss ein fantastisk gjeng som syt for at kafé og catering går rundt!


For ein del år sida, var me 3 kokkar som gjekk saman og etablerte selskapet Tre Kokker Voss AS og Ringheim Kafé. Gjennom åra vart det nokre endringar, og i dag er det me som driv foretaket. Me satse på catering, selskap og kafe drift, og gjer alt me kan for at våre kundar skal ha dei beste opplevingar.


Vår visjon er at hjå oss skal du føla deg som heime! Me vil at kundane våre skal kjenna «at her er kjekt å vere»! Me gjer og vårt ytterste for at maten me servere og levere skal gjere deg nøgd! Me er ikkje ein Michelin restaurant med dresskode, men me er ein tradisjonsrik kafe med gode og tradisjonsrike måltid – og sjølvsagt har me andre digge/gode rettar! Me håper du finn det du ynskjer hjå oss!


I dei seinare år har me og satsa på utleige av selskapslokale. Gjennom eit flott samarbeid med blant anna Ole Bull Akademiet og Bømoen AS. Begge plassar kan me tilby flotte og ærverdige lokale til større og mindre arrangement.



På Bømoen disponerar me storkjøkken og historiske bygg for sosial samankomstar og overnatting – då gjerne for større grupper! Uansett kva behov du har, så gje oss eitt ring, eller kom innom, så kan me kanskje finna ei løysing?

 

Om du skal ha bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, stor eller liten fest, eller om du treng lokale til minnestund, så kan me hjelpa deg med alt frå a til å..


Me håpar å sjå deg,


Klem frå oss!


Share by: