SELSKAPSLOKALER OG OVERNATTING

Tre Kokker AS samarbeider med Ole Bull Akademiet / Kringsjå og Bømoen leir. Det gjer at me har fleire flotte selskapslokaler og overnattingsmuligheiter å tilby våre kundar / gjester.

Ringheim Kafe
I våre lokaler i Vangsgata kan me dekke til 50-60 gjester.
Kafeen har alle rettigheiter.

Ole Bull Akademiet / Kringsjå
Her har me 3 fine lokaler med alle rettigheiter . Me kan dekke til over 100 gjester. Lokala passar fint for både minnestund, konfirmasjon, brudlaup og/eller andre selskap.

Bømoen leir
Her har me 2 fine lokaler med alle rettigheiter. Me kan dekke til over 150 gjester. Lokala passar fint for både brudlaup, konfirmasjon, jubileum og /eller andre selskap.

Overnatting

Ole Bull Akademiet / Kringsjå
I 1993 kjøpte OBA gamle Kringsjå pensjonat, og driftar bygget gjennom eigedomsselskapet Kringsjå AS. Her vert det til dagleg drive vekeskurs for universitet og høgskular frå heile landet.
Tre Kokker AS har eit samarbeid med OBA om utleige av rom og lokale i helger og feriar. Me har 17 fine rom for utleige i forbindelse med selskap. Ta kontakt med oss for eit pristilbod.

Bømoen leir
Me har gleda av å tilby overnatting til rimelege prisar i trygge og vakre omgjevnader på Bømoen. Leiren vart etablert i 1898 og lagt ned i 2008. Noverande eigar, Bømoen AS, oppretta 1 mai 2014 eit samarbeid med Tre Kokker AS om utleige og drift av leiren.
Leiren består av fleire verna bygg med opp til 270 sengeplassar. Overnattingstilbodet varierer i alt frå 8 -mannsrom , med felles bad/ toalett, til einerom med eige bad/ toalett.
I nokre av husa er det felles stove/ opphaldsrom og kjøken.
Me tek imot små og store lag , og kan tilby frukost, lunsj, middag og kvelds etter ynskje.
Me leiger ut både i forbindelse og uavhengig av arrangement i våre selskapslokale.
Minstepris for overnatting er kr 350,-, Ta kontakt for pristilbod.

Last ned brosjyre