Opplev
Ringheim Kafé
Kom innom oss og nyt eit godt måltid, noko godt å drikke eller noko søtt. Me har det meste, og tilbyr gode og ferske matrettar med kortreiste råvarer. Hjå oss kan du nyta ein kopp kaffi, lesa dagens aviser, gratis Wi-Fi, nysteikte lappar, dagens middag, våre populære “blingsar” og mykje anna.
Ta med ein ven, kona, kjærast, typen, mammo, bestemor, kompisgjengen eller heile slekta og finn deg godt til rette hjå oss!
Vår visjon er at du skal ha ei god oppleving hjå oss, om det er som gjest på kafeen, i eit av våre selskapslokale eller om du nyttar deg av våre cateringtenester.
Me tilbyr
God mat til kvardag og fest

Kafé
Heimalaga lunsjrettar, supper og smørbrød - servert med varme og omtanke i hjarta av Voss.

Catering
Skreddarsydde menyar til konfirmasjonar, bryllaup og møte – me leverer smakfulle opplevingar til dine arrangement.

Kaker & Bakst
Bestill våre populære kaker, kringler og bakverk – perfekt til små og store feiringar.


